Hareid formannskap var i dag, måndag ettermiddag samla for å avgjere om Linda Haddal Røssevoll skulle få ja på søknaden sin om ei mellombels omregulering frå hotelldrift til asylmottak for mindreårige asylsøkjarar.

Saka var også til handsaming i Hareid formannskap 28. april, men vart då utsett, fordi fleirtalet meinte dei hadde fått for dårleg tid til å sette seg grundig inn i saka.

Måndag var dei igjen samla for å ta ei avgjerd, og det enda med eit negativt svar for Haddal Røssevoll.

Fire røysta imot, 2 røysta for å gi dispensasjon.

Truls Håbakk, gruppeleiar for Framstegspartiet meiner at å gi dispensasjon til Melshorn Hotell vil  føre til at føremålet med reguleringsplanen blirt sett vesentleg til sides. Andre grunneigarar i same planområde har tidlegare hatt ynskje om ei omregulering for å bygge bustadar. Dersom formannskapet no gir dispensasjon til Melshorn Hotell, kan dette øydelegge for andre grunneigarar i planområdet.

Vil ikkje klare pliktene

- Det er også eit poeng alle rettar og plikter kommunen vil få overfor dei mindreårige asylantane dersom ein dispensasjon vert godkjent. Som Robek-kommune har ikkje Hareid kommune byggningsmassa (ledige areal) klar til å gi asylantane det tilbodet dei har krav på. Dette vil vi heller ikkje makte å skaffe oss, ut frå dei økonomiske utfordringane som kommunen alt har, sjølv etter at kommunen har motteke vertskommunetilskotet. Vi vil  derfor oppleve direkte lovbrot, dersom tenesteproduksjonen til kommunen ikkje er klar for å kunne yte dei tenestene som asylantane har krav på. Dette vert å definere som eit omfattande teknisk hindring for Hareid kommune.

Kommunen har alt store utfordringar

- Hareid kommune har alt store utfordringar i sektoren for både oppvekst og omsorg, og vil med eit nytt mottak i kommunen auke desse utfordringane kraftig. Pr. i dag slit vi alt med å gi dei mindreårige asylantane i kommunen det tilbodet dei har krav på. Manglar som fastelege, helsesøster og undervisning vil verte vesentleg auka med eit nytt mottak i kommunen. Dette er ei klar sammfunnsmessig utfordring for alle som bur i Hareid kommune.

Ikkje kontakt

Vikebladet.no prøvde måndag kveld å få kontakt med Linda Haddal Røssevoll, utan å lykkast. Ho hadde tinga seg flybillett til Trondheim, for eigenhendig å kunne levere godkjenning av omregulering og søknad om asylmottak for einslege mindreårige flyktningar til UDI. No spørs det om ho berre kan kansellere billetten.

Ho har  også uttalt at slik tidene er for næringslivet no, er det ikkje marknad for hotelldrift i Hareid.

Saka vart utsett:

Sikre drift og arbeidsplassar: