- Voldatunnelen er eit godt prosjekt som er verdt å få inn på Nasjonal transportplan. Men Hafast må kome før Ørstafjordkryssinga, uttaler Helge Orten (H) til avisa Møre-Nytt i Ørsta.

Orten er stortingspolitikar på Mørebenken og medlem i Transport- og kommunikasjonskomiteen, som i førre veke var på gjennomreise i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane. Turen er ein del av arbeidet med den komande Nasjonal transportplan som blir avgjerande for kva vegprosjekt som sakl prioriterast i perioden 2018 til 2029.

Høgrepolitikaren meiner det er fjordkryssingsprosjekta Møreaksen (Ålesund-Molde) og Hafast som vil gi størst nytteverdi, og at det derfor må jobbast for desse først.