600 ungdomar frå Hareid og Ulstein var måndag samla i Hareidhallen til ungdomskonferanse om kommunereforma.

I den pågåande folkerøystinga om kommunereforma er aldersgrensa 16 år både i Ulstein og Hareid. Såleis må også ungdomane orientere seg om alternativa. Det fekk dei informasjon om kommunereforma frå ordførarane i Hareid og Ulstein, Solveig Bruvik (prosjektmedarbeidar m. Fylkesmannen i Møre og Romsdal) og Kristian Fuglseth (varaordførar i Hareid).

Kjellen og Leite i tospann

Kjell Kjellen Bigseth (Tomas Ryste) og Jann Leite (Ørjan Liavåg) hadde også eit innslag på konferansen.

Jann Leite føreslo at om Hareid og Ulstein slår seg i hop, kan den nye kommunen heite Bigset.

– Namnet blir Bigset, og ingen ting anna, slo Kjellen fast, før han fortalde om kor mykje han var imot kommunesamanslåing. Han forstod ikkje korleis Ørsta og Volda kan slå seg i hop når dei ikkje greier å bli samde om namnet på flyplassen ein gong. Han banna over kor kostbart det er med kommunesamanslåing. Nokre ungdomar klappa og jubla, andre sa nei.

Jann Leite meinte det hadde vore betre at Ulstein og Hareid slo seg saman med kvar sin kommune ein annan stad. Så kan dei møtast på Eidet innimellom og klage over at den andre kommunen dei har slått seg i hop med får alt mogleg.

Dei meinte kommunesamanslåing blir gjennomført for å spare pengar, men då kom dei heller med tips om korleis ein kan spare pengar ved å få ned forbruker på dopapir. Dei gjennomførte også konkurranse mellom ungdomar for Ulstein og Hareid, der det var litt uvisst kven som vann. Men moro var det.

Resultatet

På slutten av dagen vart det gjennomført meiningsmåling mellom ungdomane. Eit fleirtal var positive til kommunereforma. Men på spørsmål om kva kommunar som bør slå seg saman svara 107 ungdomar at kommunen deira ikkje bør slå seg saman med nokon. 81 ungdomar meinte Hareid og Ulstein bør slå seg saman. 55 ungdomar ville slå seg saman med Ålesund, medan berre 37 ungdomar røysta for Runde kommune.

Her kan du få svar på spørsmåla dine om kommunereforma.