- Vi er i streik fordi vi er lågtlønna, forklarer Anita Humberset, ei av dei som måndag formiddag stod streikevakt utanfor Quality Hotel Ulstein. Ho opplyser at dei som jobbar ved hotell tener 100.000 kroner mindre i året enn gjennomsnittet av vanlege arbeidstakarar. - Vi har blitt hengande etter i lønnsutvikling gjennom fleire år, legg ho til.

Dei streikar også for retten til lokale lønnsforhandlingar. 25 personar ved Quality Hotel Ulstein er no i streik, og Humberset seier at samarbeidet med leiinga er godt. Dei streikande får tilgang til både toalett og andre fasilitetar ved hotellet.

- Streiken er ikkje lokal. Den er mellom Fellesforbundet og NHO. Med det vi veit er det ikkje noko forhandlingar på gang, men vi håper at han ikkje blir langvarig, for vi har lyst tilbake på jobb for å yte service til kundane våre, seier Humberset.