I desse dagar er årsrapporten for Ulstein kommune 2015 klar. Rapporten gir eit innblikk i korleis det går med kommunen, både økonomisk og på andre område. Årsrpporten gir ei oppsummering av året som gjekk, både teknisk, i skulane, kulturen, helse og omsorg.

I føreordet frå rådmann Einar Vik Arset er han innom den store jobben kommuen har lagt ned for å betre folkehelsa. Kommunen har framleis folkevekst. Grøn energi blir pumpa opp av fjorden av Ulstein fjernvarme. Og Ulstein har starta satsinga på Teknologiskulen.

– Og kanskje er det berre 4-5 år til kommunen kan investere i førarlause shuttle-bussar som kan gå med ti minutts intervall rundt i småbyen vår? Det vil i så fall mange aktivie familiar sette pris på, skriv han.