Meklinga for meir enn 12.000 bussjåførar startar i dag, tysdag. Dersom partane ikkje blir einige om ny bussbransjeavtale, kan 1.500 bussjåførar vere i streik frå torsdag.Passasjertrafikken på Oslo lufthamn Gardermoen og shuttletrafikken til hotella vil stoppe opp dersom det blir streik.

I tillegg vil all rutekøyring i Trondheim sentrum stoppe opp. Det same gjeld Kystbussen frå Kristiansand – Haugesund – Stavanger-Bergen og rutene til Norgesbuss på Austlandet bli ramma.

Bussoppgjeret omfattar fire fagforbund og dei to arbeidsgjevarorganisasjonane Spekter og NHO transport. Meir ein 90 prosent av norske bussjåførar er fagorganiserte.