Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal gav fylkesrådmannen for ei tid tilbake i oppdrag å undersøke om det var mogleg å oppretthalde god nok kapasitet med ei stabil to-ferjeløysing på sambandet Hareid-Sulesund.

Nedgang i trafikken

Trafikktala i sambandet viser ein nedgang i trafikken siste del av 2015.

Reduksjonen i trafikk i januar 2016 i høve til januar 2015 var på 7,2 prosent, noko som utgjer ein reduksjon på om lag 4500 køyretøy. Reduksjonen i personbileiningar var på om lag 7600. Det var 48 attståande køyretøy i januar 2016, mot 2059 registrerte i januar 2015.

Men trafikken for februar 2016 viser ein oppgang på om lag 3 prosent i talet på køyretøy i høve til februar 2015. Dt var 29 dagar i februar 2016, 28 i februar 2015, og denne ekstradagen var ein kvardag. Korrigerer vi for dette er det i realiteten ein nedgang i talet på køyretøy på om lag 0,5 prosent.

Det var 54 attståande køyretøy i februar 2016, mot 1103 registrerte attståande i februar 2015.

Reduksjonen i trafikk i mars 2016 i høve til mars 2015 var på 8,1 prosent, noko som utgjer ein reduksjon på om lag 5800 køyretøy. Reduksjnen i personbileiningar var på om lag 14.000. Det var 456 attståande køyretøy i mars 2016, mot 1371 registerte attståande i mars 2015.

Utgiftene har gått ned

Utgiftene til tenestekjøp for dei fylkeskommunale ferjerutene viser at Møre og Romsdal fylkeskommune ligg 28 millionar kroner under budsejtt. Kostnadsindeks for innranrikssjøfart (ferjeindeksen) hadde ein nedgang på 3,4 prosent samanlikna med 2015. Årsaka til dtte er knytt til fall i kstnader på drivstoff og renter.

Klarer finansieringa innanfor eigne rammer

- Ut frå dette greier samferdselsavdelinga å finansiere tredje ferje i sambandet Hareid-Sulesund innanfor eigne rammer i 2016. Finansieringa for 2017 blir å kome tilbake til i økonomiplanen for 2017-2020, heiter det i saksutgreiing frå fylkesrådmannen.

Han har ikkje lukkast i å finne eigna materiell til ei stabil to-ferjeløysing i sambandet Hareid-Sulesund, og på grunn av nedgang i ferjeindeksen er det middel innanfor ramma samferdsel til å oppretthalde tredje ferje som seglande reserveferje i sambandet.