Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal har i kveld, tysdag, sagt ja til å setje inn 3 miljøvennlege, nye ferjer i sambandet Hareid-Sulesund frå 1. januar 2019, opplyser Charles Tøsse (H), medlem i utvalet.

Vedtaket er i tråd med fylkesrådmannen si innstilling.

Samferdselsutvalet har også sagt ja til tilrådinga hans om han ei snuing av ferjekaia på Sulesund, slik at dei nye ferjene kan halde rutetidene utan å måtte køyre med for høg fart.

Dagens kontrakt med Norled går ut i løpet av 2018. Norled har eit års opsjon, men denne opsjonen vil ikkje fylket nytte.

- Fullt gjennomslag

- Eg er svært glad for vedtaket som er gjort i samferdselsutvalet i dag. Vi har fått fullt gjennomslag for krava våre, og eg vil rose samferdselsutvalet for å ha lytta til både Hareid kommune, MAFOSS og næringslivet på Søre Sunnmøre, kommenterer ordførar  Anders Riise.

Han ser på vedtaket i dag som eit bevis på at det  nyttar å jobbe iherdig for viktige saker.

Ein ny æra

Det blir det lagt til rette for ein ny æra med kombinasjonsdrift av batteri- og hybridferjer.

Sambandet Hareid - Sulesund ligg i dag i kontrakten «Nye Ytre Sunnmøre» saman med fylkesvegferjesambanda Larsnes – Åram – Voksa – Kvamsøya og Årvik – Koparnes. Kontrakten starta opp 1. januar 2015, og går ut 31. desember 2018 for sambandet Hareid Sulesund. Dei to andre sambanda har utløp 31. desember 2021.

Tre ferjer, avgang kvart 20 minutt

Det er tre ferjer i Hareid-Sulesund-sambandet i dag: MF Tidefjord, som er bygd i 2008 - MF Ullensvang, som er bygd i 1986 og MF Høgsfjord, som er bygd i 1992. Dette er ferjer med ein kapasitet på 120 pbe, 120 pbe og 76 pbe.

Basert på trafikkanalysar rår fylkesrådmannen til at det skal vere krav om tre farty på 120 bilar i Hareid-Sulesund-sambandet, og med avgang kvart 20. minutt. Ein reknar med at omlegginga av Sulesund ferjekai vil gi fem minutt kortare overfartstid og dermed noko lenger tid ved kai.

Planen er å få signert kontrakt etter konkurranseutsetjing alt i løpet av 2016.

Prioriterer 0-utslepp

Bakgrunnen for det nye ferjeopplegget er fylkestinget sitt ønskje om å prioritere 0-utslepp/lågutslepp i framtidige ferjeanbod.

Fylkestinget har også presisert at Møre og Romsdal skal framstå som eit føregangsfylke med omsyn til universell utforming på dei nye ferjene. Det vil bli stilt krav om tilgang til fasilitetar, tilrettelagt toalett, teleslynge, plass på bildekk med tilstrekkeleg areal for rullestolheis, døropnarar som er tilgjengelege, dørtersklar som er tilpassa rullestol m.m. Det vil også bli stilt strengare krav til mannskapet si handtering av passasjerar med behov for assistanse.

Det er snakk om kontraktslengder på 11-12 år ettersom tilbydarane vil måtte foreta store investeringar.

Det er rekna med ein potensiell reduksjon i kostnadene på ca. 3 mill. kroner per år som følgje av kortare avstand mellom Hareid og Sulesund, og enklare manøvrering.

135 mill. for å snu kaia

Ved å bygge ny kai i Sulesund vil den gamle kunne fungere som beredskapskai i tilfelle driftsavbrot på hovudkai. Gamlekaia kan også fungere som liggekai for eit fartøy som ikkje er i rute.

I reguleringsplanen er kostnaden ved å snu Sulesund ferjekai sett til 135 mill. kroner.

Fylkesrådmannen skriv at det er realistisk å få snudd Sulesund-kaia innan startsignalet går for den nye kontraktsperioden.

Fylkesrådmannen ber om at både det nye ferjeopplegget og snuinga av Sulesund ferjekai kjem opp på fylkestinget i juni.

Det er nødvendig med avgjerd i juni for å sikre framdrifta i arbeidet med anbodskonkurransen.

Fylkesrådmannen vil også greie ut kostnaden og nytta ved å installere eit såkalla «mooringsystem» på kaia, uavhengig av kva slags teknologi ferjene skal drivast med. Dette er eit automatisk fortøyningssystem som festar ferja til kaia ved anløp.

Fylkesrådmannen vil rå til at ein i anbodskonkurransen også startar med Autopass ferjekort, og at ein i løpet av kontraktsperioden innfører  Autopass-brikke.

Det er lagt til grunn ein investeringskostnad på kr 170 000 000 pr. ny ferje, ei rente på 5 % og 25 års avskrivingstid.