ULSTEIN Cable Arch er eit system for kabelhandtering som er innmeldt til patentbehandling. Systemet er innteikna på eit kompakt kabelleggingsdesign av typen LX109. Kombinert med den opne løysinga i dekket vil Cable Arch-systemet kunne legge heile 12500 meter kabel i eitt stykke.

Tromlane er inni skroget

Ein særeigen funksjon ved ULSTEIN Cable Arch er at han bitt saman den fremre og bakre kabeltrommelen, slik at det vert i stand til å legge samanhengande kabel på opp til 12 500 tonn. Denne kapasiteten er verkeleggjort ved at kabeltromlane er plassert inni skroget i staden for den konvensjonelle plasseringa oppå dekk, noko som betrar fartøyet sin stabilitet. Denne nedsenka funksjonen er også teken i bruk av ULSTEIN på eit steininstallasjonsfartøy som er under bygging. Denne tilnærminga har gitt eit slankt skrog som gjer at skipet kan transportere og legge kabel på ein mykje meir effektiv måte enn eit breiare skip.

Godt utsyn til kabel-utlegginga

Ved å plassere den asymmetriske brua akterut, der kabelen passerer under, får ein klart og uhindra utsyn til kabel-utlegginga akter og kabeltromlane framme. Videre har fartøyet ein stor hangar med ROV-moonpool og lagring av arbeidsbåt. I kombinasjon med skrogløysingane X-BOW og X-STERN, resulterer dette i ein svært kostnadseffektiv, sikker og komfortabel plattform med høg operasjonell oppetid og transitt-fart samanlikna med meir tradisjonelle einheiter for kabellegging.

– Med dette designet ynskjer vi å flytte kabelleggingsmarknaden opp til neste nivå, seier Edwin van Leeuwen, Product Management-leiar i Design & Solutions. – Ved å bruke kunnskapane vi har i Ulstein Group innan skip og utstyr, har vi fått fram eit totalt annleis og fullintregrert design, som er basert på eksisterande teknologi. Ved å fokusere på eitt dedikert fartøy for kabelleggingsprosjekt, har vi vore i stand til å monaleg forbetre økonomi i prosjektet, sjøeigenskapar og drivstofføkonomi.