Under kommunereform-møtet i Hareidhallen måndag kveld kom det fram at hareidsordførar Anders Riise held ein knapp på Ålesunds-alternativet no når vegen vidare for Hareid kommune skal til vedtak.

Han grunngav det blant anna med at det i Ålesund region ligg inne direkteval til kommunedelsutval, noko det ikkje gjorde i Runde-alternativet. Han peikte også på kor viktig det var å skape ein sterk region mellom Bergen og Trondheim.

Møtet samla om lag 150 personar. Herøy-ordførar Arnulf Goksøyr kom med utilslørte signal om at Herøy kommune var stor nok og at han ville foretrekke å halde fram som eigen kommune, eventuelt i lag med Sande.

Fleire i salen etterlyste Hareid/Ulstein-alternativet, som ikkje er med i folkerøystinga 19. mai. Det vart sagt frå enkelte av desse at dei som vil ha dette alternativet, burde stemme på Hareid kommune som eigen kommune og håpe at storkommuneprosjektet fell i fisk og at det då kan opne seg ein ny sjanse for Hareid + Ulstein.

Både Vanylven, Sande og Ulstein sine politikarar (Landsverk, Vaagen og Torvik) var innstilte på Runde kommune.

Ei avrøysting mellom dei som hadde Smart-telefonar, og visste å bruke dei, resulterte i 14 stemmer til Hareid/Ulstein, 12 til Runde, 4 til Hareid åleine og 4 til Ålesund regionkommune.

Men dette var då berre 20-25 prosent av dei frammøtte. OBS: Hareid/Ulstein er ikkje med i den komande folkerøystinga.

22 av dei 34 var positive til kommunereforma, 12 negative.

Større referat i laurdagavisa.