Regional- og næringsutvalet vedtok i går samrøystes å løyve 1,5 millionar kroner til Ulstein kommune til gjennomføring av «LæringsArena Ulstein – regional næringsarena for teknologi». Tilskotet er avgrensa til 50 % av godkjende kostnader og er gjeve på vilkår om fullfinansiering.

Ulstein kommune satsar på teknisk opplæring, teknologiutvikling og digitalisering.

Prosjektet har fire delprosjekt:

Teknologiskulen

Målet med teknologiskulen er å fremje teknologi og teknologiforståing i heile skuleløpet. Alle skuleelevar skal få høve til å fordjupe seg i teknologiske tema som programmering/koding, spelteknologi med meir.

Utdanning/etterutdanning av lærarane

I samarbeid med Høgskulen i Volda skal det utviklast utdanningsmodular for programmering/teknologilæring/læringsdesign med Ulsteinskulen som pilotskule. Ulstein kommune har sett av pengar i eige budsjett til etterutdanning av lærarane for å gjere dei i stand til å undervise i Teknologiskulen. Målet er at i løpet av 2017 skal alle lærarane i Ulstein vere i stand til å undervise i Teknologiskulen.

Framtidsklasserommet

I bibliotekdelen av Arena Ulstein skal kommunen utvikle eit framtidsklasserom for teknologilæring. Målet med framtidsklasserommet er å skape ein arena der individ og grupper skal lære å bli kunnskapsbaserte brukarar av teknologien.

Ulstein ønskjer at heile regionen skal bruke dette framtidsklasserommet, både i og utenfor skulesamanheng.

Det er sett av pengar til løfte biblioteket til å bli ein teknologisk læringsarena, men der trengst meir.

Nettbasert adaptive læringssystem for fleirkulturelle

Første gruppe i introduksjonsprogrammet i Ulstein kommune skal gjennomføre og utarbeide sluttrapport på bruk av nettbasert adaptivt læringsprogram for fleirkulturelle.

I samarbeid med næringslivet

Ulstein kommune har ein strategi for å vidareutvikle samarbeid med næringslivet med sikte på å fremje rekruttering, tilbakeflytting og styrke oppfatninga av regionen som eit attraktivt område for etablering. Kommunen har eit forpliktande samarbeid med Ulstein Group, Kleven Verft, Rolls-Royce Marine, Sparebanken Møre, Mafoss, Maritimt forum Nordvest og Ungt Entreprenørskap.

Prosjektet LæringsArena Ulstein byggjer opp under dette samarbeidet. I tillegg til å samerbeide med næringslivet om dette samarbeider kommunen med Høgskulen i Volda og IKT-Norge (Lær kidsa koding).