Tysdag neste veke (10. mai) skal teknisk utval i Ulstein kommune ta stilling til om dei bør stenge av vegane ved Ulsteinvik barneskule om morgonen, slik kommunalsjef teknisk tilrår.

Forslaget blir grunngjeve med at trafikkmengda kring Ulsteinvik barneskule og Ulstein ungdomsskule er stor. Det er vanskeleg for skuleborna å kome seg trygt fram til skulen om morgonen, når der køyrer mange bilar i området. Den siste (austlege) delen av Bakkegata er hovudferdselsåre for dei fleste som bur nord og aust for skulane.

Det er totalt 840 elevar og 120 tilsette ved dei to skulane. - Dette fører til ein dels kaotisk og uoversiktleg situasjon kvar morgon, står det i sakspapira til teknisk utval.

Situasjonen har blitt diskutert internt i administrasjonen, i planforum, på møte med skuleleiinga og FAU og med lensamnn. Fleire tiltak har vore vurderte. Etter innspel frå FAU har kommuneadministrasjonen no kome fram til at det beste truleg er å innføre ei tidsavgrensa stenging av den austre delen av Bakkegata. Dette vil bli gjort med eit skilt som seier der er forbode for motorvogn, med underskilt i tidsrommet 08.10-08.40 måndag-fredag."

Dette skiltet må stå i krysset mot Prost Ankersgate.

To alternativ

Men eit skilt er ikkje nok. Herifrå skisserer administrasjonen to alternativ. Anten setje opp eit skilt i botnen av Skulevegen og omtrent ved eigedom 8/342 i Bakkegata. Då må kommuen få hand om å grunn og opprette ein plass der bilar kan snu og eventuelt setje frå seg borna.

Det andre alternativet er å setje opp eit skilt like aust for innkøyringa til parkeringsplassen til ungdomsskulen. Bilar vil då kunne ferdast fritt i vestre del av Bakkegata og Skulevegen til parkeringsplassen ved ungdomsskulen.

Sluse trafikken andre vegar

Ved å stenge vegane med skilt for ein tidsavgrensa periode, vil truleg dei fleste bilistar velje Øvrevegen eller Hovsetvegen og vidare til Holsekerdalen eller fylkesveg 61 som sin veg til jobb i sentrum i dette tidsrommet.

Slik håpar kommunen å gjere skulevegen tryggare for elevane, og at fleire elevar går sjølve i staden for å sitje på med foreldra.

Kommuen håpar å ha desse skilta på plass til skulestart 2016.