For fire år sidan vedtok Ulstein kommunestyre å bli skatteparadisfri sone. Dette var etter påtrykk frå elevar frå den internasjonale linja ved Sunnmøre Folkshøgskule (Sufh). Ulstein kommune vart den første kommunen i landet med eit slikt vedtak,. Sidan den tid har det blitt 8 kommunar, ein bydel, ein fylkeskommune og eit universitet som har erklært seg som skatteparadisfrie soner.

No meiner elevane ved Sufh at det er på tide at også Hareid kommune blir skatteparadisfri sone. Så i dag hadde dei eit framstøyt på Hareid rådhus. Dei hadde bede inn politikarar frå alle partia som er representerte i kommuenstyret til å kome. Dit kom Bernt Brandal (Folkelista), Jenny Helen Korsnes (Venstre), Marthe Emilie Hansen (Arbeidarpartiet) og Olav Helt Brubakk (Kristeleg Folkeparti).

Ottar Røyset (Høgre) og Eldar Geir Bjåstad (Framstegspartiet) hadde tenkt å kome, men vart forhindra frå å kome.

Jaga frå Ulstein

Tre av folkehøgskuleelevane hadde kledd seg ut som kapitalistar som ikkje ville betale skatt. Dei måtte springe frå Ulstein, for der var dei ikkje velkomne. Resten av elevane hadde handplakatar, ropte slagord og song om kvifor det er viktig å betale skatt.

Inne på rådhuset gjekk det rolegare for seg. Der fekk politikarane utdelt muffins med små slagord på. Inni muffinsane gøymde det seg små skattar. Elevane hadde med seg ein lite filmsnutt der dei hadde fått ulsteinordførar Knut Erik Engh til å oppmode Hareid til også bli skatteparadisfri sone. Det er lett og det kostar ikkje noko.

– Det er ikkje vanskeleg, det er berre å gjere eit positivt vedtak, sa Engh.

Spørjekonkurranse

For å gjere informasjonen til politikarane litt artigare hadde elevane utforma presentasjone sin som ein spørjekonkurranse der politikarane fekk gjette svaret. Deretter kom elevane med utfyllande informasjon. Det er vanskeleg å vite kor store summar land og kommunar går glipp av i skatteinntekter. Men dei var klare på at dette råkar alle, både U-land og norske kommunar.

Og det er konkurransevridande overfor ærlege selskap som betaler skatten sin.

Elevane meinte det ikkje var noko problem at Hareid er med i eit interkommunalt handelssamarbeid, det er også Ulstein. Dei bør heller sjå det som ei moglegheit for at fleire kommunar kan få slike vedtak.

Positive politikarar

Politikarane som møtte opp likte dette initiativet, alle dei fire røysta for at Hareid bør bli skatteparadisfri sone. Dei lovde å ta det vidare med seg til kommunestyret.

–  Eg synest dette er veldig positivt, rosa Bernt Brandal og lovde at alle fem representantane frå Folkelista kom til å røyste for dette i kommunestyret, og fekk støtte frå dei andre politikarane.

– Det er ikkje nokon hemmelegheit at Arbeidarpartiet er imot skatteparadis, så dette vil me gå inn for, lova Marthe Emilie Hansen.

Partia til dei fire politikarane har til saman 11 representantar i kommunestyret (av 21), så dei rekna med at dette vil gå i boks. Noko som førte til stor jubel frå Sufh-elevane.