Tysdagskvelden var trimgruppa Tjukkasgjengen frå Ulsteinvik ute på tur.

- Vi hadde ein kjempeflott tur frå Fjellsbrekkane til Høgebrua om Notten og ned til sentrum. Det som ikkje var like flott, var synet som møtte oss då vi køyrde gamlevegen over Eidet, seier Eli Karin Rise.

Ho fortel at også her ligg det mykje søppel dumpa langs vegen.

- I tillegg hang det bæreposar fulle av søppel i mange tre bortover vegen. Kva er det som feilar folk, undrar Eli Karin og resten av turgruppa som lurer på kva det skal vere godt for å kaste skrot og søppel frå seg ute  naturen.