"Lususfellen" har vore heime med tobarnsmora Lena Moldskred (35) i Ulsteinvik for å gje henne hjelp med økonomien. I motsetnad til ein del andre deltakarar i dette TV-programmet på TV3 har ikkje Moldskred fleire millionar i gjeld, men "berre" 100 000 kroner.

Problemet hennar er at ho trøysteet i staden for å gripe fatt i økonomien sin og betale rekningar. Slik eskalerer problema.

Hennar dyraste uvane er sjokolade og Pepsi Max, som ho brukar 50 000 kroner i året på. Sidan ho er butikkmedarbeidar på ein daglegvarebutikk er freistingane mange. Ho har ein kjøpskonto der varene blir trekt ifrå på neste lønning, noko som gjer at lønna til tider er ganske låg, ifølgje Se og Hør.

Korleis det går med Lena Moldskred kan du sjå på TV3 i kveld.