Hareid kommune sin rekneskapsrapport for perioden januar-mars 2016 viser at dersom noverande utvikling får halde fram, vil kommunen ende med eit underskot på ca 3 mill. kroner ved årsslutt. Rådmannen ber om at det blir lagt inn korrigerande tiltak i komande budsjettrevidering.

I kommentarane til rekneskapen blir det bl. a. nemnt at kommunen hadde ekstra store utgifter på vintervedlikehaldet av vegane i år. Det gjer at budsjettområdet «Kommunalteknisk drift» ligg an til eit meirforbruk på 2 mill. kroner.

Også Sentraladministrasjonen styrer mot eit underskot, ca 1,3 mill. Her er forklaringa ei budsjetteringssvikt av driftsutgiftene innan områda «økonomi» og «IT».

Oppvekstsektoren ligg an til ein halv million i underskot. Det er særleg Hareid skule som er krevjande med sine 24 prosent framandspråklege elevar.

Dei andre sektorane har små utslag. Enkelte av dei har innsparingar i høve til budsjettet.