For den som er skeptisk til kommunereformen vart møtet med reformkritikar Per Gunnar Stensvaag i aulaen ved Hareid ungdomsskule onsdag kveld det reinaste hallelujamøtet.

Stensvaag har permisjon frå jobben som SAS-pilot for å reise land og strand rundt og formidle sitt syn på kommunerformen. Så langt har han det siste halvåret halde 75 foredrag, 17 av desse berre i april.

På Hareid valsa Stensvaag over heile reformen og prosessen rundt denne gjennom eit to timar langt foredrag. Foredraget var krydra med døme frå ulike stader i Noreg som har gjennomført kommunesamanslåingar og korleis han meiner dette har slått ut, ikkje minst for utkantane i desse kommunane.

Til dømes i Tromsø. Der vart Ullsfjord ein del av storkommunen Tromsø i 1964.

- Veit de kor mange frå Ullsfjord som er representerte i Tromsø bystyre? Null. Avstanden inn til sentrum er for stor, meinte Stensvaag.

Desentralisering

I foredraget sitt peikte han fleire gonger på kor viktig det er å ha ein desentralisert struktur på velferdstilbod og aktivitetar.

- Det vil alltid vere utkantane som vert salderingspost. Kva ville til dømes Langevåg ha vore i dag dersom Sula framleis hadde vore ein del av Ålesund? spurte Stensvaag.

Han synte også til at Frivilligheitsvedtaket, som gjer at ingen kommune kan verte samanslått mot sin vilje, gjeld framleis.

- Seier Hareid nei, så betyr det nei, slo Per Gunnar Stensvaag fast.

Han sa også at intensjonsavtalane som er inngått mellom kommunar som ønskjer å slå seg saman ikkje er verdt papiret dei er skrivne på.

- Eit nytt kommunestyre kan snu opp ned på alt, påpeikte han.

- Stor er ikkje det same som robust

Eit adjektiv som er mykje nytta er "robust".

- Men stor er ikkje nødvendigvis det same som robust. Viktigare enn storleiken er dugnadsiveren og sjølvråderetten, meiner Stensvaag.

Ein av dei som nytta høvet til å ta ordet etter at Per Gunnar Stensvaag var ferdig, var tidlegare ordførar i Hareid, Einar Holm. Han takka for eit interessant og lærerikt foredrag.

- Kommunestrukturen vi har her er svært tenleg, med godt interkommunalt samarbeid. Vi har god tid. Spørsmålet om kommunesamanslåing vil kome opp ved seinare høve også, og då er kanskje situasjonen både i Hareid og Ulstein annleis enn det han er i dag, sa Holm som ville la Hareid vere som det er i dag.

Les meir i papiravisa på laurdag