Kommunesamanslåing har heilt sikkert vore diskusjonstema kring mang eit lunsjbord i Ulstein og Hareid dei siste månadane. Fleire har den siste tida kontakta Vikebladet Vestposten og spurt lokalavisa kvifor verken Ulstein- eller Hareid-politikarane ser ut til å ville gi folk det konkrete alternativet der ein kan stemme på Ulstein og Hareid som ein ny kommune. Rundt lunsjbordet i tredje etasje i Convex-bygget kom ideen til ei Facebook-gruppe, mynta på nettopp dette spørsmålet, til. Vi møter nokre av dei som står bak dette initiativet, Ingvill Moldskred Staalesen, Rune Brandal, Jan Harald Jøsokbakke og Kari Synnøve Moldskred, til ein prat kring temaet.

– Det er veldig rart at vi ikkje får alternativet Hareid og Ulstein på desse stemmesetlane. Med denne Facebook-gruppa rettar vi fokuset mot kvifor dette ikkje er eit alternativ. Vi vil oppmode folk om å melde seg inn her, stille spørsmål og diskutere kring det politikarane har sagt i denne viktige saka for lokalsamfunna våre, seier dei.

Førehandsrøystinga er i gang, men sjølve folkerøystinga blir for begge kommunane 19. mai.

– Kva vinn dei unge på dette?

Ingvill Moldskred Staalesen vaks opp på Geilane på Hareid, men bur no i Ulsteinvik. Ho fortel at ho og veldig mange med ho, som kjenner både Ulstein og Hareid godt, ikkje kan forstå kvifor spesielt Hareids-politikarane ikkje ser ut til å ville gå saman med Ulstein.

– Eg og mange andre ser no undrande på ordføraren i Hareid som har Ålesund-storkommunen som fyrsteval. Kvifor velje ei storkommune der ein vil bli ein liten krins, framføre eit samarbeid med Ulstein der ein har det ein treng, og blir ein viktig del av ei slagkraftig kommune? spør Moldskred Staalesen og legg til:

– Kva utbytte får ungdommane på Hareid av å vere ein del av Ålesund, kontra ein del av eit allereie godt samansveisa samfunn her på øya? Det blir frykteleg rart om grensa blir trekt over Hareidseidet, og at ungdommane som allereie i dag kjenner kvarandre så godt skal måtte sjå kvar sin veg. Kva vinn ungdommen på dette, dei som skal bu og leve her i framtida?

Kan løyse problem

Hareid treng ny ungdomsskule, barneskulen i Ulsteinvik er for liten og i for dårleg forfatning. Gjengen rundt lunsjbordet føreslår at eit godt tiltak kunne vore å flytte barneskulen til ungdomsskulen i Ulsteinvik, og bygge ein felles ungdomsskule for både Ulstein og Hareid i nærleiken av Ulstein vidaregåande skule, som allereie er eit etablert skulemiljø med folkehøgskule og gode idrettsfasilitetar i nær tilknyting.

– Eit eksempel på korleis behov vi allereie ser i dag kan løysast i framtida, om kommunane går saman, seierdei.

Forvirrande

Gruppa meiner råda og utsegnene frå politikarane i denne prosessen i mange tilfelle har ført til meir rådløyse og forvirring.

– Det kommunane ber om her er ei rådgiving til kva for kommune ein ser føre seg å vere ein del av. Når dei tre alternativa som er framlagde er slik som dei er, må ein til dømes oppfatte «veit ikkje» som ei blankofullmakt til politikarane til å tolke desse stemmene kvar dei vil, seier dei fire.

– Det har vore lite snakk om kva fordelar ein hadde hatt ved å slå saman desse to kommunane. Det verkar som om dette handlar meir om makt og posisjonar for dei som sit og styrer her, enn om å sikre eit godt lokalsamfunn for folk på begge sider av Hareidseidet, meiner dei.

– Om ikkje ordføraren i Hareid vil slå saman Hareid med berre Ulstein, kvifor set han det uansett ikkje opp som eit alternativ på røystesetelen? Kva er han redd for? Det handlar om å gi folket alternativ dei sjølve er einige i. Om dei vil rådføre seg med folket, så burde ei samanslåing mellom Ulstein og Hareid ha vore eit alternativ, avrundar dei fire rundt bordet.