Planutvalet (formannskapet) sa førre tysdag nei til søknaden om mellombels bruksendring frå hotell til  asylmottak for einslege, mindreårige asylsøkjarar.

Sa nei:

Linda Haddal Røssevoll ønskjer å drive eit mottak på ca. 30 plassar, men fleirtalet i planutvalet sa nei, og viste mellom anna til at Hareid kommune ikkje  vil ha eit godt nok tilbod på helsetenester og lokale til undervisning for dei mindreårige asylsøkjarane.

Søknadsfristen var onsdag 4. mai, og Haddal Røssevoll var same dag i kontakt med UDI Midt-Norge i Trondheim.

- Arbeidsplassar og skatteinntekter

- Ved UDI Midt-Norge fekk eg vite at dei i denne omgang har behov for om lag 100 plassar, og at det har kome inn tilbod på til saman 500 plassar. Så om Melshorn Hotell i det heile blir tildelt mottaksløyve, er uvisst. Men eg er i alle fall tenkt å prøve. Slik tidene er no, er det ikkje grunnlag for hotelldrift i Hareid kommune, og dette handlar både om arbeidsplassar og skatteinntekter for Hareid kommune, kommenterer ho.

Ho har hyra inn advokat, og har klaga inn vedtaket frå planutvalet, som truleg skal handsame saka komande måndag.

Dersom Hareid formannskap seier nei endå ein gong, går klagen automatisk vidare til Fylkesmannen. Ifølgje Haddal Røssevoll  har Fylkesmannen i dei fleste tilfelle ikkje godkjent dei negative vedtaka frå kommunane.

Kan bli asylmottak: