Sist fredag (20. mai) hadde Søre Sunnmøre FpU oppstartsmøte på Thon Hotel Fosnavåg. På møtet valde dei styre til det nyoppretta lokallaget.

Karl-Oskar Sævik frå Fosnavåg vart vald til leiar for Søre Sunnmøre FpU. Karl-Oskar seier i ei pressemelding at han gler seg enormt til å ta fatt på oppgåva om å gjere Søre Sunnmøre endå meir liberalistisk.

Med seg på laget fekk han Lovise Nikoline Voldsund frå Fosnavåg som nestformann, og John Kåre Flusund også frå Fosnavåg som styremedlem. Som varamedlem vart Andrew Kleven frå Ulsteinvik vald.

Søre Sunnmøre FpU består av kommunane Hareid, Ulstein, Herøy, Sande og Vanylven. Ørsta og Volda har eige lokallag.