UDI Midt-Norge har sendt ut ei pressemelding om at dei har avlyst konkurransen om tildeling av nye mottaksplassar for einslege mindreårige flyktningar.

Linda Haddal Røssevoll ved Melshorn Hotell av ei av dei som søkte på å bli mottak.

Etter fleire runder i Hareid formannskap, og etter at Fylkesmannen hadde gjort vedtaket der om inkje, fekk Melshorn Hotell løyve til å drive mellombels mottak for flyktningar.

- Klart eg er skuffa over meldinga frå UDI Midt-Norge. Vi har brukt mykje tid og ressursar på søknaden, for det er ein omfattande prosess å søkje om slik tildeling, kommenterer Haddal Røssevoll.

Søkjer om å bli akuttmottak  for flyktningar

Men heilt slått til marka er ho ikkje likevel. For Haddal Røssevoll opplyser at det ligg ute eit anna anbod i UDI-regi:

- Det skal opprettast 20.000 akuttplassar på landsbasis. 2200 av desse skal plasserast i Region Midt-Norge (Møre og Romsdal og Sør-Trøndelag). Søknadsfristen er 21. juni, og eg kjem til å søkje, slår ho fast.

I omgrepet akuttmottak for flyktningar ligg det at det kan bli aktuelt med både vaksne og barnefamiliar. Og det var dette Melshorn Hotell var fram til 6. april i år.

- Eit akuttmottak for flyktningar treng like mykje personell, men eit akuttmottak for einslege, mindreårige flyktningar krev fleire pedagogar og anna høgskuleutdanna personell, forklarer Haddal Røssevoll.

Ho håper hotellet får positivt tilslag på den nye søknaden ho skal sende inn.

Dei formelle tinga, som mellombels bruksendring, er alt på plass.