Rolls-Royce har signert ein kontrakt med det italisenske verftet Benetti om levering av ein ny lettvektsthruster som blir bygt delvis ved bruk av karbonfiber. Propellsystemet er utvikla i Ulsteinvik.

– Effektiv propulsjon med låg vekt er viktig for å redusere miljøpåverknaden til ein moderne yacht, seier Vincenzo Poerio, CEO hjp Benetti. Dei har arbeidd tett saman med Rolls-Royce på vegen mot eit propellsystem til deira nye serie med eksklusive megayachtar. Resultata har blitt veldig gode, slår han fast. Dei har alt seld fem einingar. Fleire er no under bygging for å korte ned leveringstida og møte ei aukande interesse for denne modellen.

Den nye Azipull Carbon 65 (AZP C65) er utvikla med bruk av karbonfiber i girhuset, som gir ei langt lågare totalvekt på heile systemet. Kompositthrusteren har høg verknadsgrad og god manøvreringsevne, som saman med låg vekt bidreg til redusert drivstoff-forbruk.

– Den nye propellen har vore utvikla over tid, og me har hatt stor glede av samarbeidet med Benetti. Dei har lang erfaring med å byggje yachtar, og stort engasjementet for å byggje den perfekte båten, det har vore inspirerande for oss, seier Gary Nutter, direktør for propulsjon og motor med Rolls-Royce.