Fylkesvaraordførar og hareidsdøling Gunn Berit Gjerde (V) var veldig glad då Vikebladet Vestposten tok kontakt med ho etter at det blei kjent at fylkesutvalet går inn for tre nye ferjer på strekninga mellom Hareid og Sulesund.

- Eg er letta over at det i dag blei gjort eit samrøystes vedtak. Det betyr også at dette vil gå gjennom i fylkestinget, seier Gjerde.

Det har vore snakka om to alternativ til krav i dei nye anbod, det eine med nye miljøferjer, det andre der ein som i inneverande periode, konkurrerer på pris.

- Heldigvis ser no alle fylkespolitikarane at vi ikkje vil ha ein reprise på det som har vore denne periode, seier fylkesvaraordføraren.

Les også: Sa ja til tre nye ferjer

Men det blir ikkje billig, fortel Gjerde.

- Vi manglar rundt 130 millionar kroner. Vi er allereie no underfinansierte i forhold til kva vi reellt sett nyttar. Overføringssystemet frå staten er ikkje godt nok. Det blir ikkje nokon skikkeleg betring før vi får betalt for kostnadane, og ikkje på talet på ferjestrekningar.

- Bestilt Mercedes

No blir det altså til at når neste anbod skal konkurrerast om i 2019, så er det tre nye ferjer som står på bestillingslista til fylkespolitikarane. Det er også klart at el-ferjer ikkje passar inn i sambandet, om ein ser føre seg avgangar kvart tjuande minutt. Difor er det hybridferjer som blir mest aktuelle, fortel politikaren.

- Møre og Romsdal er det største ferjefylket i landet, og det skulle berre mangle at vi får på plass skikkelege ferjer. No har vi fylkespolitikarane bytta ut Lada'en og bestilt Mercedes, seier Gunn Berit Gjerde og legg til:

- Det har vore mykje styr, det veit vi alt om. Det vil bli ei heilt anna verd for dei som reiser med ferje over Sulafjorden når vi får på plass ferjemateriell som faktisk gjer jobben godt nok.