Etter ferdigstilling av fleire kostbare prototypeprosjekt, vesentlege kostnadskutt og omstruktureringar, ser me no at trenden har snudd, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i ei pressemelding.

- Me ser ei positiv utvikling i fleire av prosjekta våre, spesielt i forretningsområdet Havyard Ship Technology (verkftet) der me i 2015 hadde dei største utfordringane. Me har tre leveringar frå Havyard Ship Technology i 2016, eitt vindmølle-supportskip til Esvagt for levering i august og to isbrytarar til Femco for levering i oktober. Alle tre er under utrusting i Leirvik og det er stor aktivitet på verftet fram til levering, fortel han.

Konsernet har dei siste åra hatt ein strategi og diversifisering der dei har utvikla produkt og tenester for nye marknader, herunder vindmøllesørvis, fiskeri, arctic/is og oppdrett. Investering i nye produkt i prega resultatet dei to siste åra, men Bakke meiner likevel det har vore ei rett avgjerd. Dei opplever no god marknadsaktivitet i desse segmenta.

Havyard ventar at den positive utviklinga held fram i 2016. Ein stor del av kapasiteten er seld, spesielt i Havyard MMC og havyard Ship Technology. Fokus er å selje ledig kapasitet for 2016 og 2017 og seinare.