Talet på konkursar i Hordaland har vore 34 prosent høgare dei fire første månadene i år enn same periode ifjor. I Rogaland har det auka med 14 prosent. I Buskerud, som har mange oljerelaterte bedrifter i området som kallast Subsea valley mellom Drammen og Kongsberg, har talet på konkursar auka med 18 prosent.

- Det tar ofte litt tid frå ei bedrift opplever ei krise til ho må gå til skifteretten. No ser det ut til at den varsla konkurauken i oljefylka slår inn, seier Frode Berg, administrerande direktør i Experian, i ei pressemelding.

Ned på landsplan

På landsplan går faktisk talet på konkursar ned. Totalt har det vore 1584 konkursar, ein nedgang på 0,5 prosent samanlikna med i fjor.

- Desse tala tyder på at todelinga i økonomien blir tydlegare. Mange oljerelaterte fylke har problem, medan landsdelar som Austlandet og Nord-Noreg som har ein annan næringsstruktur, opplever førebels sterk økohomi og fall i talet på konkursar, seier Berg.

Han minner likevel om at ein ikkje bør sjå seg blind på statistikken. Konkursutviklinga heng berre i nokon grad saman med realøkonomien.

- Konkurstala er ikkje eit heilt presist bilete på tilstanden i norsk økonomi og inneheld fleire feilkjelder. Ein skal vere spesielt forsiktig med å trekkje bastante konklusjonar frå utviklinga i enkelte månader Eventuelle regulatoriske endringar kan dessutan påverke konkursutviklinga utan at det er kopla opp mot risikoutviklinga i næringslivet, avsluttar Berg.