For nokre veker sidan sa Samferdselsutvalet i Møre og Romsdal ja til å setje inn tre nye ferjer på sambandet Hareid - Sulesund frå 1. januar 2019.

No er dei nye ferjene komne endå eit hakk nærare målet:

I dag, tysdag, sa også fylkesutvalet ja til det same.

Vedtaket har også i seg at ferjene skal ha eit minstrekrav til miljø, noko som vil seie hybridferjer.

Vedtaka i samferdselsutvalet og fylkesutvalet er i samsvar med tilrådinga frå fylkesrådmannen. Han rår til at ferjene skal ta 120 bilar, og med avgang kvart 20. minutt. Ferjekaia på Sulesund skal også leggjast om.