Mange tusen familiar reiser årleg til vakre Loen og overnattar på flotte Hotel Alexandra. Espen Garnes, opphavleg frå Dimna, sambuaren Monica Vestre, borna og fleire famliemedlemmar hadde kosa seg under opphaldet på hotellet, heilt fram til eit uhell og konsekvensen av det overskugga alt anna. For etter dette venta det ei "bot" på 5.000 kroner familien måtte betale. Det var NRK Møre og Romsdal som skreiv om denne saka først.

Velta stolen og knuste lampe

Den åtte år gamle sonen til Espen hadde trykt inn heisknappen og venta på å ta heisen opp nokre etasjer frå resepsjonen. Han fann seg ein stol medan han venta, men sette seg slik på den at stolen velta til sida. Stolen velta så inn i ein lampe som knuste.

Dei tilsette ved hotellet kom raskt til, og det blei etter litt om og men klart at familien blei nøydd til å betale erstatning for den knuste lampa. Hotellet meinte at guten hadde rigla på stolen, og på denne måten fått stolen til å dette til sida og knuse lampa.

- Svigerfar min var i nærleiken, og fekk med seg det som skjedde. Han meiner dei hotelltilsette tek feil. Så er det heller ikkje mogleg for dei som står i resepsjonen å sjå kva som skjedde der denne stolen stod, det har vi også poengtert overfor dei, seier Espen Garnes til Vikebladet Vestposten og legg til:

- Guten kom opp igjen til rommet, og var frykteleg lei seg. Eg og sambuaren min berre såg på kvarandre, og ikkje forstod vi kvifor hotellet skulle krevje 5.000 kroner for det som heilt klart var eit uhell.

Han gjorde opp for seg, sjølv om han og familien var sterkt ueinige i den strenge straffa.

- Eg betalte dei pengane, for eg ønskte ikkje å ha noko uoppgjort. Men, vi var i kontakt med fleire andre hotell etter denne hendinga, og ingen av dei vi prata med ved desse hotella forstod noko som helst av denne praksisen, seier Espen.

Facebook-kommentar førte til NRK-interesse

Trebarnsfaren blei skuffa over det han meiner er urettferdig behandling frå hotellet si side. Hotellet opplyser til NRK at lampa sonen til Espen knuste har ein nypris på 12.000 kroner.

- Kvifor kravde dei då berre 5.000? spør Espen seg og småflirer oppgitt.

Espen bestemte seg for å legge inn ein kommentar på hotellet si Facebook-side måndag kveld, ein kommentar som har blitt likt av svært mange og delt vidare. NRK kontakta han tysdag morgon, og tysdag ettermiddag hadde statskanalen ute ei sak på NRK Møre og Romsdal sine sider.

- Responsen på innlegget har vore heilt enorm, og vi har fått mange gode tilbakemeldingar, seier Espen Garnes.

Etter at NRK greip fatt i saka har visa fått ein annan slutt. Hotellet bestemte seg nemleg for å betale familien tilbake pengane. Men ei unnskyldning kom aldri.

- Eg fekk ein telefon frå hotellet, der eg blei fortald at vi skulle få pengane tilbake. Men det var ingen som beklaga seg på vegner av hotellet. Det var skuffande, seier Garnes.

- Ikkje rimeleg å krevje erstatning

Ifølgje Skadeerstatningslova er foreldra pliktige til å betale inntil 5.000 kroner for skadar borna gjer. Men, dette er ofte eit skjønnsspørsmål. Det skriv NRK Møre og Romsdal.

NRK var i kontakt med jusprofessor Trine-Lise Wilhelmsen ved Universitetet i Oslo, som meiner at hotellet i dette tilfellet har gjort feil.

– I utgangspunktet vil eg seie at for eit barn på åtte år skal det mykje til at ein vil statuere aktløyse, og då er det ikkje rimeleg å krevje erstatning frå foreldra, seier Wilhelmsen til NRK.

- Vi kjem nok ikkje til å reise tilbake igjen til Hotel Alexandra med det første, seier Espen Garnes avslutningsvis.