Han fortel at det har fungert veldig godt lokalt å ha kombinasjonen dei har hatt med bokhandel, gåveartiklar, hobbyavdeling og musikk. Men tidlegare i vår vart det kjent at Norli kjøpte opp Vivo, og då var det ikkje rom for å halde fram med miksen dei har hatt i Ulsteinvik.

– Suksessen vår har vore denne kombinasjonen. Me har hatt kundar heilt frå Sogn, fortel Knotten som synest det er trist at dei ikkje kan halde fram som før. Det har vore nokre tunge dagar, men no er dei glade for at dei har kome fram til denne avtalen.

God løysing

Når Norli flyttar inn der Vivo har halde til, startar Knotten opp for seg sjølv i andre lokale på Amfi i Ulsteinvik. Han tek med seg alt anna enn bokhandel-biten i Vivo. I den nye butikken blir det musikkavdeling, hobbyavdeling med varer frå Panduro Hobby og interiør- og gåveavdeling. I dei nye lokala vil dei få plass til ei større hobby-avdeling enn dei har i dag.

– Vivo har hatt eit godt utval av kristen litteratur. Det har vore noko av særpreget til butikken. Kva skjer med den kristne litteraturen når Norli tek over?

– Dei har lova å gi rom for kristen litteratur i butikkane sine, så dette vert ivareteke, svarer Knotten.

Tømmer heile butikken

Vivo har starta flytte- og opphøyrssalet. Det er førebels uklart når skiftet skjer, men det blir nok ein gong i sommar. Først skal heile bokhandelen tømmast, og resten av varene skal flyttast inn i dei nye lokala for vidare sal. Deretter skal Norli innreie sitt konsept der Vivo har vore til no.

– Det blir nok ein elegant bokhandel, kommenterer Knotten.

Tar med nokre av dei tilsette

Dei tilsette på Vivo har fått tilbod om å jobbe for Norli, som har sagt dei vil ta vare på lokalt tilsette. Knotten seier at dei som jobbar på Vivo i dag truleg blir fordelte mellom dei to butikkane. Liv Randi Knotten som er butikksjef på Vivo i Ulsteinvik vil sannsynlegvis halde fram som butikksjef også på Norli Ulsteinvik.

– No går me på med friskt mot. Dette blir nok bra, trur Geir Knotten.

Vivo: Vivo har starta på flytte- og opphøyrssalet. No skal butikken tømmast før han blir omgjort til Norli-bokhandel. Vivo vil halde fram i andre lokale på Amfi Ulsteinvik, men ikkje som bokhandel.