Mange har høyrt om Live Åtte,  stiftinga som arbeidar for at barn og unge med særskilte behov skal få sjansen til å nå sitt eige potensiale. No har stiftinga utvida arbeidsfeltet sitt, ved å ta opp i seg Nepal-prosjektet til Eli Skaatun.  – Eg er svært takksamd og stolt over å få bli ein del av Live Åtte, seier Eli Skaatun.

Frå Ulstein til Nepal

Live Åtte starta med vesle Live, som døydde på 8-årsdagen sin 24. mars 2006. Live hadde ein hjerneskade som gav ho mange og store utfordringar. Dei tre siste åra av livet var ho knytt til Doman-instituttet i Philadelphia, USA. Gjennom tett oppfølging og intensiv stimulering gjorde ho svært store framsteg, og nådde mål som mange trudde var uoppnåelege for henne. Verdiane og menneskesynet, energien og motet som låg til grunn for at foreldra til Live valde å ta i bruk Doman-metoden, vart også grunnlaget for å etablere stiftinga; for å vidareføre engasjementet og bruke den opparbeidde kompetansen, slik at det også kom andre til gode.

No, 10 år etter at Live forlet denne verda, har stiftinga vorte kjent med Eli Skaatun sitt prosjekt i Nepal, der ho gjennom vel 2 år har jobba aktivt for å bygge opp og drive avlasting for menneske med utviklingshemming. Prosjektet er nyskapande i Nepal og det blir brukt tid på å bygge «stein på stein» i nært samarbeid med dei det gjeld, foreldra og deira born.  Det har samtidig vore viktig for Eli at dette skulle bli eit prosjekt som myndigheitene  fann forsvarleg og ville anerkjenne, derfor har det vore behov for fleire å samarbeide med.

Med denne bakgrunnen er det ei glede å kunne fortelle at Stiftinga LIVE ÅTTE no vil engasjere seg i Nepal og jobbe aktivt for at barn og unge med særskilde behov får sjansen til å nå potensialet sitt. Stiftinga vil gjennom informasjon og haldningsskapande arbeid, både nasjonalt og internasjonalt, inspirere enkeltmenneske og samfunn til å sjå verdien av kvart menneske og dei ressursane det representerer, og gjere det som skal til for at kvart menneske skal kunne bli det det er.

Nye folk på laget

Eli Skaatun er ny styreleiar, og ho er svært glad for at ei av initiativtakarane Aase Styve held fram i styret. I tillegg har dei fått med seg Inger Annie Molt Rise, Hans Haddal, Iver Olaf Grimstad og Berit Lyngstad.

LIVE ÅTTE har også fått ny nettside.