Kateket Bjørn Losvik fortel at då Ulstein Sokn fann ut at dei vil markere 200-årsjubileet med ei utstilling, fann dei det naturleg å samarbeide med Ulstein Bibliotek. Bibelen og bibliotek tyder det same, det er ei samling med bøker.

Bibelselskapet vart oppretta for å gje menneske Guds ord «på et språk de forstår og til en pris de kan betale». Bibelen var skriven på dansk og han var dyr å kjøpe inn for folk.

Sidan den tid har det skjedd mykje. No finst det Biblar i mange formar. Det finst barnebiblar, Bibelen som teikneserie, konfirmantbiblar og meir forseggjorde prydbiblar.

Soknet og biblioteket lagar til ei utstilling som viser historia til Bibelen, men også samtid og framtid. Bibelen har for lenge sidan kome på Internett, og han finst også som ein eigen app. Dei eldste Biblane blir stilt ut i glasmonter, og kyrkjetenaren er i ferd med å snikre nokre ekstra. Losvik lovar at dei skal ta godt vare på dei kjære, gamle klenodia til folk.

På jakt etter gamle Biblar

– Bibelen er ein del av den norske kulturen og har ei mykje lenger historie enn Bibelselskapet, seier Losvik. Han veit at mange har gamle Biblar heime med seg, no ønskjer han å samla dei inn til utstillinga og finne ut kven som har den eldste. Vinnaren skal få ein premie, og sjølvsagt heider og ære. – Det blir spennande å sjå kven som har den eldste Bibelen i Ulstein. Førebels leiar Linda Dalehamn med ein Bibel frå 1901, fortel han.

– Kva om nokon i Brandal sit på ein gamal Bibel?

– Då synest eg dei skal kome med han og vise at dei kan slå Ulstein, smiler Losvik.

Førstkomande sundag

No håpar han og bibliotekar Britt Opsahl Myrene på Ulstein Bibliotek at folk hiv seg rundt og finn fram Biblane sine. Dei vil også stille ut Biblar med ei spesiell historie og på andre språk. Dei bør levere dei på kyrkjekontoret så fort som råd. Det blir utstilling på Kjeldsund etter gudstenesta sundag (29. mai). Deretter blir utstillinga flytta til Ulstein Bibliotek, der ho skal få vere til over Smak av Ulstein.

På biblioteket blir utstillinga godt tilgjengeleg for alle som er interesserte.