Sidan det ikkje var så stor stemning i folkerøystingane for at Ulstein, Hareid, Herøy, Sande og Vanylven skulle slå seg saman, foreslår rådmann i Ulstein kommune, Einar Vik Arset, at Ulstein og Hareid prøver å finne saman.

Ulstein kommunestyre gjorde i januar eit retningsval der dei primært ønskte at dei fem kommunane fann saman, men om dei forhandlingane ikkje førte fram kan Ulstein kommune saman med Hareid og flest mogleg av dei andre kommunane søkje ei alternativ løysing. Regionkommune Sunnmøre kan vere ein del av denne løysinga, heitte det i vedtaket frå januar.

I mars i år tok Ulstein kommune initiativ til å få forhandle med Hareid om ei samanslåing med dei, men Hareid takka nei. Men Ulstein gir seg ikkje så lett.

I opinionsundersøkinga som vart gjennomført i april kom det fram at det er eit stort ønskje mellom innbyggjarane i Ulstein at Hareid og Ulstein slår seg saman. 63 prosent svara at dei føretrekkjer at Ulstein og Hareid slår seg saman.

I folkerøystinga svara innbyggjarane i Ulstein at dei ønskjer at Ulstein held fram som eiga kommune, men der var det ikkje noko alternativ at Ulstein slår seg saman med Hareid.

No foreslår rådmannen for politikarane i Ulstein at kommunen er open for ein dialog med Hareid kommune om ein intensjonsavtale dersom Hareid kommune ønskjer det. Kommunestyret gir mandat til forhandlingsutvalet om eventuelt å forhandla fram ein slik avtale. Så ber ein Fylkesmannen om eit utsett frist til 16. september 2016 for gjennomføring av ein slik mogleg prosess.

Saka skal opp i Fellesrådet for eldre og menneske med nedsett funksjonsevne måndag 30. mai. Deretter går saka til levekårsutvalet, teknisk utval og formannskapet før ho ender opp i kommunestyret.