I samband med det haldningsskapande arbeidet MOT i ungdomsskulen vert det kvart år kåra modige førebilete i 9.klassene ved Ulstein ungdomsskule.

Årets modige førebilete er Kamilla Skaar Berg (9A), Krzysztof Dziedzic (9B), Kathrine Standal Dimmen (9C) og Oliver Sulebakk Sylte (9D).

- Det er mange gode førebilete ved ungdomsskulen. Den som vert kåra frå kvar 9.klasse, er den personen som flest klassekameratar og kontaktlærarar meiner passar aller best som eit modig førebilete, forklarar MOT-koordinator og informatør Marie Flatin.

Gode verdiar

Mot-besøket der elevane stemmer på kven dei meiner er eit modig førebilete handlar nettopp om kva som kjenneteiknar eit modig førebilete.

- I nokre klasser var det eit soleklart fleirtal for ein elev, medan det i andre klasser var fleire som fekk mange stemmer. Det viktige er at ungdommane er bevisste på kva slags verdiar som kan gjere oss alle til modige og gode førebilete, held MOT-koordinatoren fram.

Ungdommar som bryr seg

«Du er alltid positiv og respektfull», «Du tør å vere deg sjølv, og står opp for alle uansett kven og kva» og «Du er blid heile tida, og muntrar andre opp» var mellom godorda Kamilla i 9A fekk frå sine klassekameratar.

- Ja det er heilt rett. Eg har aldri sett deg sur, Kamilla, kommenterer Oliver i 9D.

Han fekk sjølv mange kjekke tilbakemeldingar på sin diplom som årets modige førebilete i sin klasse: «Du inkluderer alle», «Du tør å seie frå» og «Du tør å ta eigne val og du går dine eigne vegar» var mellom tilbakemeldingane.

-Kjekt å bli sett pris på

- Eg hadde ikkje forventa å bli kåra, seier Krzysztof i 9B.

Dei tre andre samstemmer: - Men sjølvsagt veldig kjekt og bli sett pris på slik, seier Kathrine i 9C.

Nokre av tilbakemeldingane Kathrine fekk frå sine medelevar var at ho er snill og bryr seg om andre, ho tenker godt om andre og ho har godt humør.

Kryzsztof sine klassekameratar meiner han er eit modig førebilete mellom anna fordi han tør å seie frå og stille spørsmål, han går bort til dei som står aleine og han er ein snill og veldig god venn.