Ei ny støtteordning skal setje fart på utviklinga av miljøvennleg energiteknologi. 70 millionar kroner skal gå til klimavennlege skip.

– Gjennom denne ordninga vil vi bidra til at bedriftene får meir miljøvennleg teknologi ut på marknaden, og at dei skaper fleire grøne arbeidsplassar, seier næringsminister Monica Mæland.

Forskingsrådet, Innovasjon Noreg og Enova lanserer no den nye ordninga for utvikling av miljøvennleg teknologi, Pilot-E. Den første utlysinga er på 70 millionar kroner. Pengane i denne runden skal gå til aktørar som vil utvikle nye løysingar for utsleppsfri maritim transport.

– Grønn skipsfart er framtida for sjøfartsnasjonen Noreg. Det er bra for klimaet, og vil styrkje konkurransekrafta i næringa, seier Mæland.

Målet med Pilot-E er at heilt nye produkt og tenester innanfor miljøvennleg energiteknologi skal bli utvikla og tatt i bruk.

– Vi er ute etter dei verkeleg banebrytande ideane, ikkje dei som berre forbetrar eksisterande teknologi. Pilot-E blir eit viktig verktøy for oss i omstillinga og arbeidet med berekraftige løysingar, seier administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg