Også i dag er det bilar som ikkje har fått plass på ferja over til Sulesund og difor har vore nøydde til å stå over til neste avgang. Det er særleg "Høgsfjord" som har problem med å ta unna trafikken.

- Kapasitetsproblema på sambandet Hareid - Sulesund den siste veka er ikkje uventa, ettersom det er ei ferje mindre i dette sambandet, seier regionsjef for ferjer i Norled, Inge André Utaker. "Ullensvang" er inne til sitt årlege verkstadopphald og er dermed ute av drift fram til midten av neste veke.

LES OGSÅ: "Ullensvang" på verkstad

- Det syner vel at det var eit rett vurdering som vart gjort for eit år sidan, å setje inn tre ferjer på dette sambandet, konkluderer Utaker.

Han fortel elles at det har vore tilløp til ein del opphissa stemning mellom ferjepassasjerane, mellom anna på grunn av at enkelte ikkje fylgjer lysreguleringa, men lurer seg til å snike i køen.