Helsetrygdkort hjelper kvart år tusenvis av norske turistar på ferie i EØS-land. Kortet varer i tre år. For tre år sidan vart det skrive ut 800.000 kort. Desse må fornyast i 2016.

- Ting kortet gratis på nettsida helsenorge.no før du dreg på ferie, oppmodar fungerande avdelingsdirektør Marit Winther Abrahamsen ved Helfo servicetenester.

Ved å vise fram helsetrygdkortet hos offentlege legar eller på offentlege sjukehus, har du rett til dekning av naudsynt helsehjelp i eit annan EØS-land på same vilkår som statsborgarane i det landet du ferierer i. Du må betale same eigendel som innbyggjarane der.

Europeisk helsetrygdkort er eit plastkort på storleik med eit vanleg bankkort. Det gir deg tryggleik for at du får naudsynt helsehjelp i alle EØS-land og i Sveits.

Ver merksam på at kortet ikkje gjeld i Tyrkia og i den tyrkiske delen av Kypros, då desse ikkje er EØS-land. Der er det berre reiseforsikring som gjeld.

- Vi tilrår alle å også ha ei privat reiseforsikring, blant anna fordi helsetrygdkortet ikkje dekker heimtransport, seier Winther Abrahamsen.

På helsenorge.no kan du tinge kortet og lese meir om rettane det gir. Dersom du ikkje har høve til å bestille kortet hos helsenorge.no kan du ringe 800HELSE (80043573).

Dei som allereie har eit helsetrygdkort, bør sjekke utløpsdaten på kortet.

- For å få helsetrygdkort, må du i utgangspunktet vere medlem i folketrygda og vere statsborgar i eit EØS-land. Kortet er gratis og gjeld for tre år. Når dt nærmar seg utløp, bør du tinge eit nytt kort, understrekar Winther Abrahamsen.

Alle i familien må ha kvart sitt helsetrygdkort på reise. Når du bestiller, kan du samtidig ting til ektefelle og barn.

Ta med eit telefonnummer.

Leveringstida for helsetrygdkort er normalt 10 dagar, men ofte tek det kortare tid.