Politiet på Sunnmøre meldte at det torsdag har falle ei glasplate frå lasteplanet på ein bil. Glaset har knust og ligg i vegbanen på fylkesveg 61, like forbi Sjukeheimssvingane, på veg mot Saunesmarka.

Det er ikkje snakk om personskade og politiet var raskt på staden.

Mesta var raskt på plass med kostebil, og fekk rydda vekk glasbrota.

Mesta var raskt på plass med kostebil for å rydde vekk glasbrota. Foto: Tipsar.