Vikebladet Vestposten møter tre stolte gutar og ein stolt lærar, alle med store pokalar. Mange gratulerer karane med sigeren.

Sist helg var dei i Trondheim der det var finale i kunnskapskonkurransen til Juba (Junior- og barneorganisasjonen) for sjuandeklassingar.

Etter tre rundar gjennom vinteren var Martinus Sporstøl (frå Dragsund), Oliver Kvalsund Aurvåg (frå Aurvåg) og Oskar Eide-Storøy (frå Tjørvåg) klare for finalen. Dei hadde med seg lærar Jon Kristian Moe.

- Noregs tre smartaste sjuandeklassingar, seier Moe om karane.

Omstridt avgjerande poeng

Elevane fekk spørsmål om mange ulike tema. Juba er ein organisasjon som arbeidet rus og alkohol. Det var nokre spørsmål om alkohol, men det var også spørsmål om politikk, geografi, kjendisar, Melodi Grand Prix og mykje anna. Det var også praktiske oppgåver. Laga måtte kople eit par lyskjelder til eit batteri. Her vart det litt diskusjon dommarane i mellom og gutane frå Møre hadde rett. Programleiar Kristine Magnesen, kjend frå NRK Super, heldt med våre lokale heltar, og det gjorde også to av dei tre dommarane.

Laget frå Møre vann med eitt poeng mot motspelarane sine, så dette eine poenget var eit viktig og avgjerande poeng.

Fekk sjå og oppleve mykje

Delegasjonen frå Møre reiste nedover fredagen. Heile helga var det fullt opplegg for finalistane. Dei fekk sjå og oppleve mykje i Trondheim denne helga. Etter finalen laurdagen åt dei middag på restauranten Frati, dei fekk omvising i Erkebispegården ved sidan av Domkirka. Dei var på bowling og tivoli. Sundag fekk dei seg ein tur på både Vitensenteret og Tyholttårnet, der dei åt middag medan dei vart snurra rundt og sett Trondheim i fugleperspektiv.

– Såg de nokre kjendisar?

– Nei, men me køyrde forbi Lerkendal Og me såg kvar Rinnan-banden heldt til, fortel dei med store augo. Sjåføren deira viste dei også Singsaker, viste fram kvar grevlingen i taket held til, og stoppa på veg til flyplassen så dei fekk ta bilete av Hell-skiltet.

Planen no er å melde seg på Klassequizen når dei blir gamle nok.