Berre nokre få dagar før fristen går ut er det framleis over halvparten av dei næringsdrivande i Møre og Romsdal som har levert sjølvmeldinga. Frå i år av må nemleg alle næringsdrivande levere sjølvmeldinga elektronisk til Skatteetaen. Inne i den siste veka før leveringsfristen har framleis 23.000 næringsdrivande her i fylket til gode å levere.

– Næringsdrivsnde som ikkje har endringar må uansett levere. Leveringsfritaket gjeld kun for personlege skatteytarar og pensjonistar, seier Per Helge Rise, avdelingsdirektør for Fastsetting i Skatt Midt-Norge.

Skatteetaten lanserte i år ei ny og enklare løysing for dei som driv eiga bedrift og gjer rapporteringa sjølv, "Næringsrapport skatt". Denne tenesta kan brukast av små aksjeselskap og enkeltpersonføretak som ikkje leverer via fagsystem, og vil spare mykjee tid og hovudbry for dei fleste som driv for seg sjølv.

– Næringsdrivande er pålagde å rapportere sine skatteforhold elektronisk. Då er det rett og rimeleg at vi gjer det lett å gjere det rett, seier Rise.