- Det er samla inn dobbelt så mykje avfall frå strandlinja i år samanlikna med i fjor, seier ei kjempenøgd Linn Osnes Urke som er kommunikasjkonsansvarleg ved SSR. Dei har tatt hand om avfallet i dei fire kommunane Hareid, Ulstein, Sande og Herøy i samband med Strandryddedagen.

Osnes Urke kan fortelje at omtrent 29 kilometer strandlinje er rydda og ikkje mindre enn 5690 kilo avfall er registrert på SSR sine vekter.

LES OGSÅ: Fann gebiss under strandrydding

- Det er svært gledeleg at så mange tek del i miljødugnaden og er med på å rydde. SSR har registrert totalt 33 strandryddeaksjonar; 15 i Ulstein kommune, åtte i Sande kommune, sju i Herøy kommune og tre i Hareid kommune. Både privatpersonar, barnehagar, skular, verksemder, lag og organisasjonar har vore med på ryddedugnaden.

Rydda på Vattøya

Linn Osnes Urke trekkjer særleg fram dei to sekstenåringane Sigve Sævik Ulstein og Oskar Skeide som har rydda Vattøya rein for marint avfall.

- Dei deltok også på informasjonskvelden om marin forsøpling og verkar spesielt opptatt av temaet, seier ho.

Ho kan elles fortelje at oppsummering og funn vert vidaresendt til Hold Norge Rent som fører statistikk over mengde og innhald på det innsamla avfallet.

- Informasjonen blir brukt til å opplyse myndigheiter, verksemder og privatpersonar om omfanget og dei alvorlege konsekvensane som marin forsøpling forårsakar, seier LInn Urke Osnes som på vegne av SSR takkar alle involverte for innsatsen og inviterer til ny dugnad neste vår.