Ulsteiningen Arne Valland tok fotoet 18. mai i år - frå ein avstand på ca 30 meter på Hammarsneset, ikkje langt frå landfestet for Rundebrua, på Runde-sida.

- Eg har fritidsbustad på Runde, så eg går mykje rundt omkring og fotograferer. Fjøra frå brua og utover mot Runde sentrum er eit uhyre interessant område for den som er interessert i livet i sjøkanten. Ikkje berre er der eit rikt fugleliv. Eg har også talt opptil 13 selar der på ein gong, på fjøre sjø.

- Men tilbake tilbake til havørna: Før har eg berre fotografert havørn i flukt. Denne gongen fekk eg lurt meg innpå henne. Men ikkje før etterpå – då eg skulle studere bildet nærare - såg eg at der sat ei kråke på ein stein kloss attmed. Ho går omtrent i eitt med steinen og var fantastisk godt kamuflert.

Kameratar?

- Det eg kom til å lure på, var om ørna og kråka er «kameratar». Eg las nemleg i ei ornitologisk bok at havørna berre tek sjøfugl. Og kråka er ingen sjøfugl, så då er ho kanskje ikkje på menyen. Det såg nesten ut som om dei hadde eit tillitsforhold.

- At havørna tek sjøfugl, såg eg elles tydelege spor av ein annan stad. Truleg var det ærfugldun.

- Denne havørna er truleg gamal. Ungfuglane har mørke nebb, men nebbet til denne ørna var gult. I ei bok om Runde, utgitt av Duo Forlag i 2007, er der eit heilsides bilde ei havørn. Eg ser ikkje skilnad på denne ørna og den eg fotograferte 18. mai, så det kan godt vere den same ørna som Johannes Jensås / Gunnar Wangen kom på skothald av for ti år sidan.

- Bildet viser også at ørna er ringmerka. Kanskje veit dei som driv med dette litt om historikken?

Valland har også fanga desse havsulene i objektivet sitt. Ser du gidt etter kan du sjå at fuglane har gjort seg nytte av restar frå tau - og garnerestar som byggjemateriale for reira sine. Foto: Arne Valland.