Under festen i Hareidhallen 17. mai bar elevane i klasse 6B ved Hareid skule fram bodskapen sin om kva dei ville gjort, dersom dei fekk vere ordførar for ein dag. På lista hadde dei tre konkrete ønskje, som dei også har sendt i brevs form til ordførar Anders Riise. Elevane ville ha tetta holene i vegane i kommunen, gitt pengar til turngruppa og ikkje minst, fått på plass ein skikkeleg park med aktivitetsapparat i Hareid sentrum. Sistnemnde har det lenge vore litt murring kring blant dei yngre i Hareids-miljøet, meiner elevane ved Hareid skule.

Les også: Innbyggjarane i Hareid treng ein betre park i sentrum

Onsdag møtte klasse 6B Vikebladet Vestposten på leikeplassen som allereie finst i Hareid sentrum, like på oppsida av rådhuset. Ein leikeplass som er tydeleg prega av tidas tann og lite vedlikehald.

– Her kunne vore nokre fleire benkar, og kanskje vore plukka ugras og slikt. Ja og så burde her heilt klart vore nye leikeapparat, seier ein av elevane.

Ein annan følgjer opp med å seie han kunne tenkt seg å sleppe nokre sauer inn på leikeplassen slik dei fekk beite her.

– Ja, sidan her berre er ugras og dårleg stelt, seier eleven alvorleg.

Vil ha tilbake andedammen

Men det er ikkje berre tilstanden på denne leikeplassen som uroar den yngre generasjon hareidsdølingar. Også sjølve Hareidsparken, med grusplassen som før var ein andedam i midten, ser dei lite meining med.

– No er det fleire år sidan kronprinsen var her. Er det ikkje snart på tide å lage til andedammen som blei tatt vekk, igjen? spør ein av elevane.

Elevane oppmodar no politikarane om å få på plass nye leikeapparat, ei fast scene eller ein paviljong i parken og generelt betre utstyr og søppelbøtter i området, slik det blir mogleg å kvitte seg med avfall.

– Viss Hareid kommune vil at vi skal trivast her i kommunen, og kanskje bu her når vi blir vaksne, så må kommunen og politikarane også prioritere dei unge. Så kan nok også fleire av oss bli freista til å legge vekk nettbrett og spel og heller gå ut, seier elevane.

Ser heller på utsikta

Går vi ned mot havet til den såkalla Tusenårsplassen på Hareid, er det heller ikkje her så mykje å skryte av når det kjem til utnytting av arealet. Nokre benkar på to sider av plassen er det einaste som står her. Lokalavisa møter på ein av dei som nesten dagleg er på Tusenårsplassen.

– Ja, men ikkje for å sjå på sjølve plassen. Eg står her heller og ser ut på utsikta, seier Knut Nygård og flirer.

Nygård sit i elektrisk rullestol, og brukar å ta seg ein tur ned mot hurtigbåtterminalen i ny og ne.

– Eg har eigentleg aldri heilt forstått meininga med denne plassen. Den har jo ikkje blitt nytta til eg trur folk har sett føre seg den skulle nyttast til.

– Fin bestilling

På rådhuset møter avisa kommunalsjef Oddbjørn Grimstad, som heilt klart ser at Hareid burde rusta opp både parkane sine og Tusenårsplassen.

– Vi jobbar med dette, som ein del av Miljøgateprosjektet. Men slik det ser ut no, er det sjølve Miljøgata som blir første trinn, Hareidsparken trinn to, og Tusenårsplassen trinn tre, seier Grimstad.

Med meiningsutspela til borna ved Hareid skule og brevet friskt i minne gir ordførar Anders Riise (H) svar på tiltale.

– Dette var ei klar og fin bestilling til politikarane i Hareid. Eg synast det er veldig flott med engasjementet til elevane kring korleis det skal vere på Hareid og korleis det skal vere å vekse opp i kommunen vår. No er det eitt år sidan vi avslutta forprosjektet på Miljøgata, parken og Tusenårsplassen. Men endringar skjer ikkje over natta. Vi er på veg ut av Robek-lista, og så fort vi er det er det verkeleg på tide å pusse støv av desse planane, seier Riise.

Ordføraren fortel at liknande prosjekt allereie er komne langt på veg. Mellom anna har foreldra ved Hareid skule teke initiativet til å ruste opp leikeplassen ved skulen.

– Så har det som følgje av arbeidet med Hapark dukka opp fleire aktuelle stader i sentrum der vi kan få på plass aktivitetar for innbyggjarane. Hareidsparken er hjartet i Hareid, og sjølvsagt ønskjer også eg at denne skal gjerast noko med, og den skal vi kunne klare å gjere noko med. Så er eg også einig i at det ikkje er nok med at ein har god utsikt, her må også vere aktivitet på Tusenårsplassen. Dette skal vi klare å få til i samarbeid med fylkeskommunen og næringslivet i kommunen, seier Anders Riise til slutt.