– Vi er nok like bekymra for dette begge to. Spørsmåla er mange. Kven er det vi skal ta over, og kven skal betale det. Korleis blir finansieringa? seier Ragnhild Nedrelid (Ap) og Berte Holstad (H).

Sunnmøre Regionråd har i eit brev til Helse- og omsorgsdepartementet uttrykt uro for manglande informasjon og samarbeid i forkant av innføringa av plikt til kommunal omgåande hjelp, med dagtilbod for pasientar med lidingar knytt til psykisk helse og rus, og til innføring av betalingsplikt for utskrivingsklare pasientar innan dei same pasientgruppene. Dette brevet blei også teke opp under kommunestyremøtet på Hareid torsdag. Fleire teikna seg på innleggslista, og det verka som om kommunestyrerepresentantane jamt over var heilhjarteleg einige i at dette ville vere nok ei oppgåve kommunen blir pålagd, som det tek tid til å byggje opp på riktig måte.

Spørsmål blei også stilt rundt evna kommunen har til å gjere dette til ein del av tenestetilbodet sitt.

Må ha meir informasjon

Ragnhild Nedrelid i Hareid Arbeidarparti og Berte Holstad i Hareid Høgre heldt begge innlegg i denne saka, og er einige i at ein må vite meir om korleis dette skal gjerast.

– Bekymringa er der. Men samstundes er det slik eg les det dei lettare eller moderate tilfella dette gjeld. Vi må skilje det som andrelinjetenesta, med distriktspsykisk teneste og ambulantteam, skal ta seg av. Andrelinjetenesta skal slik eg forstår det styrkast. Det som må gjerast er ei kartlegging av kva pasientar vi har i Hareid, og vi må få meir informasjon om dette, seier Nedrelid.

– Dei med lettare lidingar kan også utvikle moderate lidingar, og vidare. Dette krev kompetanse, men vi veit altså ikkje enno korleis vi skal få denne, og kven som skal betale for det, seier Holstad og legg til:

– Eg ser ikkje korleis Hareid kommune åleine, med det nye inntektssystemet som kjem, skal klare dette i det heile. Eg er redd for at det blir lovbrot, og at vi gir dårlegare tilbod til innbyggjarane våre. I ei større eining, ei større kommune, hadde vi truleg hatt tilgang på kompetansen som krevjast til dette. Men når vi no ikkje vil slå oss samen, kvar skal vi hente pengane frå?

Nedrelid fortel at ho er litt meir avventande, men begge to er einige i at dette er nok ei oppgåve ein ikkje veit nok om.