Etter søknad frå Borgstein AS gav teknisk utval i Ulstein kommune løyve til at Island Offshore får ha liggjande tre skip i opplag på Indre Saunes i eit år. Dette løyvet går ut 1. juli i år. No har Borgstein søkt om å la skipa liggje i opplag i eitt år til, fram til 1. juli 2017.

I søknaden står det at Island Offshore gjer det dei kan for å skaffe oppdrag til heile flåten og ønskjer å avslutte opplaget så snart som råd er. Dei gjer sitt yttarste for at ulempene for omgjevnadene skal vere minst mogleg. Skipa er kopla til landstraum og ligg difor i hovudsak utan motordrift.

Ein nabo fryktar at skipa vil liggje der permanent i opplag, og meiner kommunen bør finne ein meir eigna stad.

Kommunalsjef teknisk rår teknisk utval til å godkjenne at offshorefartøya får liggje der eit år til. Saka skal opp no på torsdag.