Stakkars komande måsemor. Det spørs om ho klarer å klekke ut dei tre egga som ho har lagt i eit fint forseggjort reir i Ulsteinvik sentrum.

Plassen ho har valt er ved rundkøyringa "Portalane til Ulsteinvik". I den fint planta rabatten som leier til Saunes, heilt inn til fortauet, ligg måsemor på egga.

Det må vere ein stressande rugeplass, for kvar gong nokon går forbi på fortauet, flyg ho opp og krinsar over hovudet på fotgjengarane. Dermed har måsemor langt frå noko roleg barseltid.

Viss ho i det heile tatt klarer å ruge ut fuglungane, vil det nok bli eit svare leven når ho skal begynne å passe på dei små.

Det er trist å skrive det, men truleg har måsemor starta på eit håplaust prosjekt.