Regjeringa har saman med støttepartia Venstre og Kristeleg Folkeparti kome i mål med ein budsjettavtale om revidert nasjonalbudsjett.

Framstegspartipolitikar Truls Håbakk meiner avtalen er god.

Det har blant anna blitt semje om å løyve ein eingangssum på 150 millionar kroner som skal gå til kommunalt vedlikehald i sør- og vestlandsfylka.

For Hareid kommune sin del blir summen om lag 1 mill. kroner.

- Det var tidlegare foreslått å  løyve 2,1 millionar kroner, så dermed blir summen på om lag 3 millionar kroner, kommenterer Truls Håbakk, som synest regjeringa har vore gåvmild på dette feltet.

- Må vise politisk leiarskap

- No må vi i Hareid vise politisk leiarskap, og kome med ei klar prioritering av kva slags vedlikehald vi vil prioritere. Vi har etterslep på både bygningar og vegar, kommenterer Håbakk.

Han håper noko av midlane også kan nyttast til vedlikehald av parkanlegget i Hareid sentrum.