Midt på dag i dag (måndag) gjennomførte politiet fartskontroll i ei seksti-sone på Hasund.

Medan dei stod der skreiv dei ut heile seks forenkla forelegg. Den høgste farta vart målt til 77 km/t.

Politiet skreiv at kontrollen vart gjennomført på Dimna, men ein lesar av Vikebladet Vestposten påpeiker at bilane vart stoppa like etter dei kom over på Sundgot, som rett nok ligg på Dimnøya, men det var ikkje i bygda Dimna kontrollen vart utført.