Norled melder at B-ferja på Hareid - Sulesund er forseinka grunna eit straumbrot. Forseinkinga er oppgitt til å vere på om lag 15 minutt.

Det er MF "Høgsfjord" som går i B-ruta på strekninga. Det er fordi den vanlege B-ferja MF "Ullensvang" er teken ut av sambandet for eit årleg verkstadopphald.

A-ruta går etter oppsett rutetid. MF "Høgsfjord " gjekk frå Sulesund om lag 13 minutt etter oppsett rutetid.