Ein ettermiddag i april sette ei kvinne som er busett i Ulsteinvik seg bak rattet og køyrde mot sentrum. Då ho stoppa på ein parkeringsplass var politiet der og tok henne med til blodprøvetaking. Om lag 45 minutt etter køyreturen viste blodprøva ein alkoholkonsentrasjon på 2,01 promille. Noko som blir rekna for ei høg promille.

I følgje vegtrafikklova skal det reagerast med ubetinga fengsel og bot ved ein alkoholkonsentrasjon på over 1,2 i promille.

Då saka kom opp i Sunnmøre tingrett kom kvinna med ei tilståing utan atterhald.

I tillegg til fengselstraff fekk kvinna også ei bot på 20.000 kroner, og ho må finne seg i å vere utan førarkort i to år og seks måander.

Kvinna er ikkje domfelt eller bøtlagd tidlegare.