Ulstein kommune har sett seg som mål å bli ein regional læringsarena for teknologi.

For å nå dette målet er det sett ned styringsgruppe og prosjektgruppeder også representantar frå næringslivet deltar. No vil Ulstein kommune ha tak i ein engasjert prosjektleiar som kan koordinere og drive prosjektet framover til konkrete resultat.

Prosjektet er forankra i nasjonalt, fylkeskommunalt og lokalt planverk og blir støtta av mellom anna Senter for IKT i utdanninga, IKT Norge og Høgskulen i Volda.

Stillinga er eit engasjement på inntil 100 %, og førebels for to år.

Stillinga er plassert i oppvekst- og kulturetaten. Prosjektleiaren bør ha god kjennskap til teknologi og digitalisering og kjend med leiing og gjennomføring av prosjekt.

Søknadsfristen er 10. juni 2016.