Eventyraren Ragnar Thorseth frå Myrvåg krins var søndag kveld samtalegjest i Herøy kyrkje.

Sigmund Aksnes leia samtalen, og i følgje lokalavisa Vestlandsnytt fekk Thorseth blant anna spørsmål blant anna om korleis det stod til med bønnelivet hans.

- Vi var på tur frå Grønland med "Saga Siglar", og i Labrador-stredet møtte vi uventa storm i kasta. Me var ni mann om bord, og ein av dei var sonen min, Eirik. Alle stolte på meg. Då ba eg til Gud. Og eg takka han då det spakna, fortalde Thorseth.

Petter Dass ein av heltane

Under samtalen fortalde han også om forholdet sitt til salmar frå salmeboka. Både "Himmelske Fader", "Herre Gud ditt dyre namn og ære" har han hatt sterke opplevingar med.

- "Ramnungar ropar, og du gjev dei mette", er ei sterk strofe. Elles er Petter Dass ein av heltane mine. Ein gong eg var på tur nordover til Lofoten hadde eg med meg to songglade karar i følgjebåten. Vi stogga på Alstadhaug og fekk omvising i kyrkja til Petter Dass. Då stemte karane i med "Herre Gud ditt dyre namn og ære". Då fekk eg frysningar, og det var ikkje var frykt, sa Thorseth.

Takka for støtte

I løpet av samtalekvelden nytta han også sjansen til å takke alle som hadde hjelpt han opp gjennom åra. Både med praktiske ting, økonomi og hjelp når livet hadde butta i mot og han låg nede for teljing.